Onarheimsparken

Etter at Storddøra, med Sissel Tolaas som kunstnar og mannskap på «Sveisen» utøvande byggjarar, kom på plass og vart «opna» med dans og festsamkome ute på Moloen, vart folk inviterte til å koma med forslag til namn på parkanlegget rundt. Det kom inn nokre forslag, mellom anna «Dørhello». I namnenemnda festa ein seg til Lars Mugaas sitt forslag om Onarheimsparken, med grunngjeving i kva Th. Onarheim og seinare Onar Onarheim har hatt å seia for Stord kommune si industrielle og generelle utvikling. Parken og namnet var meint som heider i så måte.

I møtet 27. september 2007 vedtok så Komite for miljø og kultur at namnet på plassen framfor og rundt Storddøra skal vera Onarheimsparken

Her finner du