Om kunstverket
Kvar av dei fire utegruppene består av ein 4,3 m høg galvanisert lyktestolpe med ei brennlakkert gul form i syrefast stål hengande over. Innunder denne er lysarmaturen med 2 stk 18watts lysrør plassert. Direkte under er det plassert ei skulpturell benkform der fundamentet er i støypt betong og plata på toppen er i handstøypt sink.
Skildring er henta frå Turid Uldal si nettside, og omarbeidd.