Om kunstverket
Kunstprosjektet Visuelt demokrati er utvikla av Foreningen Trykkeriet, senter for grafisk kunst i Bergen. Dei to veggane "Tankerom" er ei gåve til Stord kulturhus og eit av fire delprosjekt der profesjonelle kunstnarar saman med ulike ressursgrupper har skapt tapetverk for offentlege veggar i fire vestlandskommunar.
Dei to tapetveggane er komponert med utgangspunkt i fleire trykkekurs for fangar frå Bjørgvin fengsel.
"Samfunnstoppar frå politikk, næring, utdanning, idrett og kultur har alle i kraft av sine posisjonar plass i det offentlege til å ytra seg. Men korleis står det til med andre grupper i samfunnet vårt, dei som ikkje direkte tek del i nasjonal omdømebygging? På kva måte kan menneske i randa av definisjonsmakta hevda seg i ålmenta med tyngde og verdi? Dette er kjerna me ynskte å undersøkja med prosjektet vårt. "