Om kunstverket
Skulpturen er del av serien Å folde eit fartøy og er plassert saman med monotrykket Å folde eit fartøy.
Frå Norske grafikere si skildring prosjektet: Å folde eit fartøy er ein serie monotrykk og skulpturar, der ei campingvogn som vart øydelagt i ei mislukka opppussing blei til eit kunstprosjekt. I staden for å kasta vogna, vart deler av interiøret og platene på utsida omskapt til store monotrykk og folda metall og tre skulpturar. Prosjektet handlar om å ta vare på ting, resirkulera, bearbeida og finna nye måtar å bruka tilsynelatande banale objekt på og korleis dei kan vera både bærarar av minner og symbol på tilstandar i samfunnet.