Hit og dit - og dit

Av Fredrik Raddum (2019)

Om kunstverket

På Vikahaugane finn du den nyaste ungdomsskulen på Stord som stod ferdig i 2018. Utanfor hovudinngangen står det ein fargesterk figur som peikar i to retningar. Den heiter "Hit og dit - og dit" og er laga av Fredrik Raddum. Installasjonen er støypt i bronse og pulverlakkert i spreke fargar. Ein ekstra arm av skulpturen finst inne i skulebygget.

Assosiasjonane kunstverket kan gje er alle dei vala ein må ta, og retningane ein vel, ikkje minst når ein er i ungdomskulealder. Ein kan og tolka at skulpturen gjev ei humoristisk peik til råd ein får som kan vera både forvirrande og sjølvmotseiande. Kunstnaren sjølv viser til at livet ikkje er straumlineforma. Det kan hoppa både hit og dit, og att og fram.

Kunstnar Fredrik Raddum har utdanninga si frå Kunsthøgskolen i Bergen og Statens Kunstakademi i Oslo. Raddum nyttar alt frå polyester, stål, aluminium, silikon og plast i installasjonane sine som ofte er humoristiske og surrealistiske.

Relaterte artikler