Hattar: "Utan tittel 3"

Av Bård Breivik

Om kunstverket

Kunstnar Bård Breivik sitt ønskje er at folk skal få ei uventa oppdaging ved å møta på desse skulpturane. Steinen ligg som ein konisk stråhatt på plenen ved innkøyringa til Stord kulturhus. Det ser ut som den har trilla dit på eige hand. Fleire assosierer den med ein stranda planet eller snurrebass. Forma på steinen gjer at den ser tilsynelatande lett ut, medan den i realiteten er blytung.

Bård Breivik (1948 - 2016) var ein norsk bilethoggar og skulptør frå Laksevåg i Bergen. Breivik fekk sitt internasjonale gjennombrot etter at han stilte ut på Guggenheimmuseet i New York i 1982, og han var professor i skulptur ved Kunstakademiet i Stockholm 1982-85. Breivik har hatt rundt 70 utstillingar over heile og er kjent for sine inngåande studier i eldre handverkstradisjonar.

Bård Breivik

Les mer...

Relaterte artikler