Hattar: "Utan tittel 1 og 2"

Av Bård Breivik

Om kunstverket

Kunstnar Bård Breivik sitt ønskje er at folk skal få ei uventa oppdaging ved å møta på desse skulpturane. Steinane ligg som to samansette koniske stråhattar på plenen. Fleire assosierer hattane med stranda planetar eller snurrebassar. Forma på steinane gjer at dei ser tilsynelatande lette ut, medan dei i realiteten er blytunge.

Bård Breivik (1948 - 2016) var ein norsk bilethoggar og skulptør frå Laksevåg i Bergen. Breivik fekk sitt internasjonale gjennombrot etter at han stilte ut på Guggenheimmuseet i New York i 1982, og han var professor i skulptur ved Kunstakademiet i Stockholm 1982-85. Breivik har hatt rundt 70 utstillingar over heile og er kjent for sine inngåande studier i eldre handverkstradisjonar.

Relaterte artikler