Structural Extensions: Folded Porcelain, White Blend III

Av Christina Peel (2019)

Om kunstverket

Dette finurlege geometriske verket skapar ei roleg stemning og kan minna om bretta sengetøy eller magasin som ligg på eit venterom. Med reine former og struktur passar det inn i ein kvardag der hygiene og sirlege detaljar er essensielle faktorar.

Kvart arbeid i serien Folded Porcelain er unikt og laga til omgjevnadane dei skal henga i. 1 millimeter tynne poselensark er nøye bretta kvar for seg. Denne handlaga kvaliteten skapar variasjon og ujamn karakter som gjev liv i eit systematisk og strukturert system. Kunstverket endrar seg i høve det naturlege lyset og gir dermed ulike opplevingar i løpet av ein dag.

Christina Peel (f. 1977) er ein britisk-norsk kunstnar med utdanning frå Kunstakademiet i Oslo. Peel jobber med geometriske former i møte med lys, skugge og refleksjon. Tematisk sentrerer verka hennar seg rundt rørsle, vibrasjon og endring. Peel er oppteken av estetikk og tekstur, noko som kjem til uttrykk i hennar tredimensjonale variasjonar av keramiske objekt og porselensplater.

Relaterte artikler