Blå liner

Av Geir Egil Bergjord (2019)

Om kunstverket

Tittelen Blå linjer, er teke frå det franske begrepet «la ligne bleue» som refererer til horisontlinja som fortoner seg blå i synsranda. På norsk har me omgrepet «i det blå», nytta om noko som er langt vekke eller utanfor rekkevidde, samt «sju blåner», eit folkeleg lengdemål som i folkeeventyra er eit uttrykk for uendelege avstandar. Det som er bak dei sju blånene er ofte målet for eventyrhelten si reise når han dreg ut i verda.

Tittelen understrekar òg referansen til modernistisk målartradisjon der linjer og fargar er viktigare enn motivet. Val av plate og trykkteknikk kan gi referanse til målarkunst, samstundes som blekk direkte på treplater vil gje eit mjukare uttrykk enn tradisjonelle fotografiske print. Kunstnaren har understreka at desse motiva vil kunna gje tilskodaren ei kjensle av å kjenna att lokale stadar, samstundes som dei dokumenterer utsikt som no er gått tapt etter bygging av høghus i Leirvik sentrum.

Geir Egil Bergjord (f. 1964) er ein biletkunstnar med base i Stavanger. Bergjord arbeider med kamerabaserte uttrykk i form av utstillinger, bøker, film og kunst i offentleg rom. Fotografia hans er ofte tekne lokalt med ei uventa samanstilling av miljø og trivialitetar. Bergjord er blant anna kjøpt inn av av KODE, Stavanger kunstmuseum og Kulturrådet.

Relaterte artikler