Om kunstverket
Dette verket breier seg over ei stor flate som eit verdskart eller mosaikk-kunst. Mosaikk er små deler av stein eller keramikk sett saman til å forma eit mønster eller bilete, og var særskilt populært under Romerriket.
Med sin tredimensjonalitet så blir kunsten påverka av kvar du ser verket frå, og fargekomposisjonen varierer i tråd med omgjevnadane rundt. Verket kjennest ikkje konfronterande, men skapar undring med sitt leikande uttrykk. På avstand kan det likna eit harmonisk samansett landskap, medan det på nært hald får deg til sjå alle dei unike detaljane og det intrikate handverket som ligg bak.
Kunstnar Christina Peel viser til at dei støpte formene utgjer tre av dei fem formene som finst i det som blir kalla Girih tiles. Dette er gamle geometriske system for flislagte mønster som er funne så lang attende som til starten av 1100-talet, både i Midtausten og store deler av Asia. Sjølv om dei ulike dekorasjonane ser heilt forskjellige ut, så er det grunnleggjande prinsippet ein metode for å laga uperiodiske mønster i det som på matematisk fagspråk blir kalla tessellering - ei uendeleg mengde identiske geometriske figurer utan at det finst nokre opne felt mellom figurane.
Christina Peel (f. 1977) er ein britisk-norsk kunstnar med utdanning frå Kunstakademiet i Oslo. Peel jobber med geometriske former i møte med lys, skugge og refleksjon. Tematisk sentrerer verka hennar seg rundt rørsle, vibrasjon og endring. Peel er oppteken av estetikk og tekstur, noko som kjem til uttrykk i hennar tredimensjonale variasjonar av keramiske objekt og porselensplater.