Frå serien "Digital Safari"

Av Bård Breivik (2014)

Om kunstverket

Desse fem skulpturane i rustfritt stål kan minna om abstrakte dyrehovud utstilt på same måte som trofear etter ei vellukka jakt. Kanskje assosierer du dei med forkromma skapningar frå eit ukjent hav? Dei reflekterer lys og rørsle, og endrar såleis uttrykk i høve til kor du betraktar dei frå. Kunstnar Bård Breivik er ein av Noreg sine mest markante skulptørar, og viser her korleis han var ein mester til å forma harde materiale til mjuke former som berre ber om å bli teke på.

Bård Breivik (1948-2016) var ein norsk bilethuggar og skulptør frå Bergen som starta sin karriere som ein av pionerane innan konseptkunst i Noreg. Breivik var globalt orientert og fekk sitt internasjonale gjennombrot etter at han stilte ut på Guggenheimmuseet i New York i 1982. Kunsten hans spelar på lag med elementa rundt, slik som arkitektur eller landskap. Maritim form og uttrykk er til stades i mange av skulpturane til Breivik då han vaks opp like ved skipsverfta på Laksevåg. Bård Breivik hadde ein særskilt tilknyting til Stord då han hadde feriehus her på øya.

Bård Breivik

Les mer...

Relaterte artikler