Om kunstverket
Ved inngangen til Stord sjukeheim står det ei blømande Purpurrot som stod ferdig i 2019. Kunstverket er utforma som ein lauk med ein blomst som har sprunge ut på toppen, noko som gjev assosiasjonar til vår og liv. Skulpturen på nesten 3 meter i høgde er laga av Trude Westby Nordmark og sett saman av lakkert stål og aluminium.
Nordmark skildrar kunstverket slik: "Eit verk som skal gje assosiasjonar og tilhøyrsle til alle som bur, besøker og jobber ved sjukeheimen. Verket skal vera godt å kvila augo på og vonaleg inspirera til refleksjonar rundt livet. Den vakre eigenskapen til laukblomsten er at sjølv om blomsten visnar så er den full av liv og kan springa ut på ny. Den spirer, blomstrer, visner og spirer igjen." Nordmark viser òg til at ornamentikken i blomsterkronen er inspirert av folkekunsten. Krona har element frå rosevindauga i Norge sin eldste katedral, Stavanger domkirke.