Om kunstverket
Den høgreiste og havet er ein serie av åtte skulpturar i Leirvik sentrum. Sju av desse står i Vidsteenparken ved Sunnhordland museum, medan den eine er plassert på Leirvik torg. Den fargesterke skulpturen på torget består av ein sekskant av stålbjelkar festa på rektangelforma klossar i betong. Forma som ei open scene og eit samlingspunkt, viser denne til kva funksjon eit torg har. I Vidsteenparken er dei sju robuste skulpturane ein del av landskapet og inviterer til bruk og utforsking.
Den høgreiste og havet tek utgangspunkt i historia, livsgrunnlaget og eigenskapane til øykommunen. Tittelen refererer til den norrøne tydinga av namnet Stord som kan høyra til ordkrinsen *ster - «vera stiv, rage opp».
Opphavet til dei fleste materiala er frå oljeinstallasjonar og skip, der mesteparten er laga av stål frå Eldøyane, eit område på Stord der det har vore verftsindustri sidan 1919. I tillegg finst det gummigranulat, samt tømmerstokkar frå Amazonas som har fungert som fenderlister.
Den høgreiste og havet skapar ei reise mellom sjøen, torget og Vidsteenparken, der fortida og framtida til øya blir synleggjort.
Anders Kjellesvik er ein kunstnar frå Stord som har utdanning med anna frå Det Kongelige Danske Kunstakademi og Kunsthøgskolen i Bergen. Kjellesvik har hatt ei rekkje utstillingar og utsmykkingsprosjekt.
Prosjektet tok tre år å ferdigstilla. Etter ein lang prosess med politiske vedtak, alternative forslag, underskriftskampanje, opphissa debatt på sosiale medier og omfattande pressedekning. Verket hadde allereie før det kom på plass engasjert langt meir enn det kunstnaren såg føre seg.