Fish woman

Av Inga Søreide

Om kunstverket

Skulpturen Fish woman som heng i Stord kulturhus har hatt ei utfordrande reise frå den blei kjøpt inn i 2013. Først blei den montert i Leirvik hamn der den etter kvart skulle gå i oppløysing av seg sjølv, men sidan er den blitt restaurert og kome inn under tak.

Skulpturen gjev assosiasjonar til oldtidas fabeldyr med si blanding av menneske og dyr i same kropp. Sjølv om denne samanblandinga kan sjåast i alt frå Sfinxen i Giza til Den lille havfruen i København så vekka skulpturen stort lokalt engasjement. Som ofte er tilfelle ved kunst i offentleg rom så blei definisjonen om utsjånad vesentleg. Den kvinnelege kroppen kunne sjåast på som vakker og fiskehovudet som stygt, sjølv om båe delar var like realistisk gjengjeve i skulpturen. Nokon opplevde skulpturen som eit hån mot kvinnekroppen, som viser til kunsten si kraft i å opna for spørsmål om estetiske sanningar.

Kunstnar Inga Søreide er utdanna biletkunstnar med ei rekkje utstillingar bak seg. Formspråket hennar vekslar mellom surrealisme og figurasjon, der kjente objekt blir kopla saman med fantasirike former og element.

Relaterte artikler