Storddøra

Av Sissel Tolaas (2006)

Om kunstverket

Den 18 meter høge installasjonen Storddøra ligg godt synleg ved innseglinga til Leirvik hamn. Installasjonen har stål, glas og 20 lyssette propellar som snur etter vinden. Strukturen kan gje assosiasjonar til fabelaktige portalar eller industrielle kranar.

Kunstnar bak er Sissel Tolaas som har stått bak ei rekkje med skulpturar verda over. Mest kjent er ho for å bruka lukt som kunst og arkivmateriale. Tolaas held i dag til i Berlin, men har røter til Stord. Sjølv omtalar ho Storddøra slik: "Portalen tar utgangspunkt i Stords tradisjon innan skipsbygging, samt gjev ein monumental velkomst til ein kommune midt i vakker natur - difor er vatn og vind hovudelement i portalen." Kunstnaren seier elles at skulpturen viser møtet mellom dei vitskapleg utvikla propellane og dei reine naturkreftene. Ingen ting er statisk, alt er i endring og utvikling.

Installasjonen stod klar juni 2006, men planane for kunstverket går så langt tilbake som 1995 då det kommunale utsmykkingsfondet først tok kontakt med Sissel Tolaas. Etter lange og kompliserte finansieringsrunder og engasjerte diskusjonar så kunne ein med gåveinnsamling frå blant anna verksemder og privatpersonar endeleg realisera Storddøra i 2006.

Den lange prosessen fram står i dag som eit tydeleg paradoks som er typisk for mange kunstprosjekt i offentlege rom. Storddøra blir no aktivt nytta til profilering og marknadsføring, og har såleis blitt ein identitetsbyggar for lokalsamfunnet.

Visste du at Storddøra har ein tvilling i Sverige? Sissel Tolaas laga installasjonen Terra Maximus til utstillinga WANÅS 1989, og denne skulpturen har mange likskapar med Storddøra. Den finst framleis i skulpturparken i Wanås like ved tettstaden Knislinge. (Kjelde: https://www.wanaskonst.se/sv-se/Konst/Samlingen/Konstnär/fid/52)

Relaterte artikler